Les informations suivantes sont disponibles pour Førde kyrkje:
Velkomen til vår side her på FB. Her kan du få litt informasjon om kva som skjer i Førde kyrkje. Sjå gjerne inn på vår heimeside www.fordekyrkje.no
Førde kyrkje est à l'adresse suivante:
Consultez la carte pour voir où vous pouvez trouver un Førde kyrkje.
Les catégories suivantes décrivent Førde kyrkje:
Use the following telephone number to get in touch with Førde kyrkje:
Consultez le site Web suivant pour Førde kyrkje:
Voici comment les autres visiteurs ont noté le Førde kyrkje:
Que s'est-il passé à Førde kyrkje récemment? Ici vous pouvez voir les nouvelles pertinentes:
https://www.facebook.com/126461177911645/posts/471464086744684/
Vakuum-veka er i gang. 75 barn og unge er samla til aktivitetar heile veka. Alle deltakarane har fått t-skjorte og drikkeflaske. Fredag kl 15:00 avrundar vi med gudstjeneste laga av deltakarane.
Du kan røyste på førehand frå 12. august til 6. september på Førde kyrkjekontor, måndag til fredag kl.09.00-14.00. Det er også høve til førehandsrøysting på Førde helsetun tysdag 3. september kl 10.00-14.00. Ta gjerne med valkortet frå DNK (ikkje valkortet for kommunevalet) - då går det fortare. På valdagen 9. september kan du røyste i det soknet du høyrer til: Frøysland skule, kl 13 - 19 (Holsen og Haukedalen sokn). Holsen skule, kl 13 - 19 (Holsen og Haukedalen sokn). Karstad skule, kl 13 - 19 (Førde sokn). Førdehuset, kl 9 - 21 (Førde sokn). Opningstidene er dei same som ved kommune- og fylkestingsvalet. Obs! I nye Sunnfjord kommune er det for kommune-/fylkestingsvalet fritt å velje mellom 12 lokasjonar/valkrinsar. Når det gjeld kyrkjevalet kan røysting på valdagen kun skje i det soknet ein høyrer til. Om du har tenkt å røyste i Gaular, Jølster eller Naustdal på valdagen, kan det vere lurt å førehandsrøyste i kyrkjevalet. På grunn av kommunesamanslåinga får vi eitt fellesråd i Sunnfjord, men soknegrensene er uendra. Kyrkjevalet gjeld val av nye sokneråd og nytt bispedømeråd. Til bispedømerådet i Bjørgvin føreligg tre ulike lister. Du kan lese meir informasjon om listene og kandidatane her: https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/slik-styres-kirken/kirkevalget/valglister-og-kandidater-til-kirkevalget/Diocese/?unitId=974763575 Om lista for Førde sokn: https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/slik-styres-kirken/kirkevalget/valglister-og-kandidater-til-kirkevalget/Diocese/?unitId=974763575 Om lista for Holsen og Haukedalen sokn: https://kirken.no/nb-NO/om-kirken/slik-styres-kirken/kirkevalget/valglister-og-kandidater-til-kirkevalget/Diocese/?unitId=974763575 Godt kyrkjeval!
Velkommen til gudsteneste søndag 21.7. Kl 18! Merk tida! Gudstenesta vert med vikarprest Rasmus Rustad, og innleigd organist frå Gaular, Kjell Ivar Aase.
Gjennom sommaren kan du oppleve fleire friluftsgudstenester i Sunnfjord prosti. Sjå oversikten på heimesida: http://fordekyrkje.no/index.phtml?pid=10072&nyhet=82369
Vi er snart klare for innskriving av nye konfirmantar, MEN ikkje før i morgon! 🙂 Diverre står det feil i brevet som blei sendt ut. (Brosjyren er riktig.) Det er tysdag 4.,onsdag 5. og torsdag 6. juni som er riktig. Hugs påmelding på nett. Velkomen!
I går var nærare 50 små og store, unge og gamle frå Førde Kyrkjelyd på tur til Teigen Leirstad ved Eikefjorden. Ein flott dag i flott maivær! Vi hadde gudsteneste i friluft, grilla, leika, bada, fiska, padla, rodde - og vart betre kjent med kvarandre! Dette gjer vi gjerne igjen!
Kyrkjelydstur, mai 2019
Velkommen på konsertar i Førde kyrkje frå kl. 19.00🎶
Namneliste på kandidatane til nye sokneråd i Holsen og Haukedalen og Førde er presentert på heimesida til Førde kyrkje. http://fordekyrkje.no/index.phtml?pid=10072&nyhet=82316
TIKAFFI I 15 ÅR! 15. mai drog om lag 35 personar til Sande og var saman med onsdagstreffet til Gaular frivillegsentral. Her vart det markert at det er 15 år sidan vi starta 10-kaffien. Norodd hadde invitert ordføraren som stillte og talte om verdien av slike møteplassar. Eit viktig felleskap og døme på kva vi kan få til med godt samarbeid!
Gratulerer med dagen
I går var det siste samling på Spiren babysang dette semesteret, og vi vart overraska med flott helsing frå trufaste deltakarar våren 2019. Tusen, tusen takk - det varma😊!
Søndag 12.mai klokka 11.00 feirer vi gudsteneste med dåp og nattverd, og vi tek avskil med Erling Nydal. Samtalepreike med Erling og Ingvald. Håpar mange vil vere med og takke Erling for tida han har vore her i Førde. Det vert kyrkjekaffi etter gudstenesta. Del gjerne informasjonen med fleire.
Påmeldinga til Vakuumveka for 1.-4.klassingar er no open. Sjå heimesida for meir info og påmelding 🙂
Fyrste påskedag er det høgtidsgudsteneste i Førde kyrkje klokka 11.00. Kyrkjekoret deltek. Vi feirer ein dåp og nattverd. Vi feirer oppstoda, livet og håpet. Saman vil vi gje Gud ære!
https://www.nrk.no/sognogfjordane/kva-er-palmesondag_-1.13436315
Hugs å ta ut kontantar (jo, det er mogleg med vips...) og ta vel imot konfirmantane som kjem på døra di i morgon.
Søndag 14.april (palmesøndag) skal det vere fellesgudsteneste i Naustdal. Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi og påskeverkstad på kyrkjelydshuset. I samband med dette treng vi nokre kakebakarar. Kan DU bake noko til denne søndagen? Ta eventuelt kontakt med Inger Cesilie på tlf. 48957780 eller legg igjen ein kommentar her
Kva er vel kyrkja utan born og unge? Førde er ein ung by der barnefamiliar, barn og unge pregar handelsbyen med omlag 13000 innbyggarar. Her er eit pulserande kulturliv med mange tilbod innan idrett og kultur. Der vil kyrkja vere midt i bybildet. Tilsette og frivillige i gudstenesteliv, trusopplæring og diakoni ønskjer deg med på laget til å utvikle kyrkja sitt arbeid for og med born og unge i gode team. Byen i sentrum av Sogn og Fjordane ligg ved enden av Førdefjorden, mellom fjella i Sunnfjord som innbyr til aktivitet både sommar og vinter. Uteliv og friluft er med på å forme dagane. Song og musikklivet er stort og variert. https://www.jucan.no/ledige-stillinger/Den-norske-kirke-Bjørgvin-bispedøme/Religion-og-livssyn/4045061714?asidx=3&asid=2
Ici vous pouvez trouver des photos de Førde kyrkje:
Ici vous pouvez trouver des vidéos de Førde kyrkje:
På veg til Stranda på skileir med konfirmantar. God stemning. Denne hadde vi over 50 høyrd før😊.
Så er julegrana sløkt for denne gongen. Dei tre vise menn/kvinne viste veg. Stjerner er delt ut. Hyggelig ny variant. Det blei 😊. Vi ynskjer alle eit godt nyttår. Velkommen til nye hendingar i det nye året.
God jul allesammen. Her er ei helsing frå skulegudstenesta til Førde ungdomskule.
Lysmesse i kveld
40 dager i stillhet. Flott bokcafe på biblioteket i Førde med Kjell Nyhus og Håvard Nyhus, Gro Anthun og Asbjørn Vie. Samarbeid mellom avisa vårt land, rom for ord, bibliotek og Førde sokneråd.
Flott haustkonsert i Førde kyrkje. Knøttekoret, aspirantkor, jentekor, kyrkjekoret, deciding og Gro Anthun
Julafta i Førde kyrkje. Vi ynskjer alle ei god jul.
Kunstutstilling i Kyrkja denne veka. Flyktningeborn frå Sørsudan stiller ut. Kunstterapiprosjekt. Opa kyrkje i morgon onsdag. Samarbeid med barnekunstmuseet, KFUK-KFUM global. Velkommen
I helga var det leir for 10 åringar på kyrkjesenteret på Vassenden, eit samarbeid mellom trusopplæringa i Førde og trusopplæringa i Jølster. Takk for ei kjekk helg saman:)! Dette gjer vi gjerne igjen!
Øyvind Lyslo på gitar.
Vérifiez également ce Restaurants à proximité:
Vérifiez également ce Hôtels à proximité:
Vérifiez également ce Agents immobilier à proximité:
Vérifiez également ce Salons de coiffure à proximité: